Direkte språk er det beste

Hadde du likt at éin av dine næraste midt under ein fest stansa ved sida av deg og sa ganske klårt og tydeleg frå: – No! No drikk du for mykje!

Eg er ikkje i tvil. Direkte språk er det beste. Folk toler stort sett å høyre den usminka sanninga. Det er mi erfaring at om ein skal nå fram med ein så spesiell bodskap som at nokon drikk for mykje, må det seiast klårt og direkte, der og når det skjer.

Av Sverre Nesvåg, forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (KORFOR) i Helse Vest – les hele innlegget på Blogg i vest.

Høgt alkoholbruk er sjølvsagt aldri bra. Ikkje for helsa, og ikkje for noko anna, heller. Men verkeleg problematisk blir det først når eit høgt forbruk kjem i tillegg til andre risikofaktorar. Det kan vere fysiske eller psykiske helseproblem, erfaringar frå ein vond oppvekst eller ei livskrise som til dømes ei skilsmisse eller tap av jobb.

Om me veit og er heilt ærlege med oss sjølve om kor mykje, korleis og kvifor me drikk alkohol, og veit at drikking inneber ein viss risiko – med andre ord: om me har kontroll med eigne vanar – først då kan me senke skuldrene og nyte alkohol med godt samvit.

Eg er ikkje redd for å utfordre etablerte sanningar og kjappe medieutspel. Men eg har det som ein fast regel at når eg uttaler meg så skal det vere kunnskapsbasert. Alkohol er eit område der ein veit mykje om skadar og verknader, og om kva som nyttar og ikkje nyttar når ein skal skape gode haldningar. Eg meiner mellom anna at det ikkje bør omsetjast alkohol på ein idrettsarena. Når alkoholservering no gjer sitt inntog på norske fotballstadionar, er det til sjuande og siste berre eitt argument som har fått gjennomslag: pengar.